Bakka Sag er eit enkeltmannsforetak som såg dagens lys i 2000, då eigaren Åsmund Bakka var ferdig utdanna trelastteknikar ved Trelastskulen i Lillestrøm. Før dette hadde han fullført gymnaset i Sauda og Statens Skogskole på Osen. Utrgangspunktet for verksemda er garden Bakka i Kvilldal. Her har skogen og saga vore ein viktig del av inntektsgrunnlaget i generasjonar, og i dag er det saga og nokre sauer som utgjer livsgrunnlaget.
Bedrifta har alltid hatt som mål å vera fleksibel overfor kunden og alltid gjere sitt beste for at kunden skal bli nøgd. Målet har aldri vore å bli eit kubikksagbruk, men å prøve å utnytte tømmerstokken slik at ho gir best mogleg økonomisk avkasting. Vi eig vår eigen skog som vert nytta til uttak av spesiallengder og dimensjonar, i tillegg til innkjøpt virke.
Vi har svært gode transportordningar og daglege avgangar til Stavanger, Haugesund, Bergen og Oslo.